Sei det med ropert
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Sognatreff (tirsdag 16. mars) og Fjordaglimt (tirsdag 16. mars). Les meir…

Eit lite eventyr

Dei var ein gong to prinsesser, den vesle og den store, som budde saman med kongen på slottet. Kvar kveld når dei skulle legge seg las kongen for dei to prinsessene. Annakvar kveld fekk den vesle velje kva bok dei skulle lese, og annakvar kveld fekk den store velje.

Men kongen var litt gløymsk av seg, og nokre gonger var det ingen som hugsa kven sin tur det var å velje bok. Då trekte dei lodd om det.

Så var det ein kveld at kongen ikkje hugsa kven sin tur det var. – Skal vi trekke då? spurde han. – Eller er de einige om kven som skal få velje bok i dag?

- Eg er ueinig! sa den store.

- Kva er du ueinig i? spurde kongen.

- Eg er ikkje einig! Eg vil vi skal trekke! sa den store, medan den vesle sat stille og tenkte. Plutseleg seier den vesle prinsessa til den store: – Du kan velje i kveld!

Kongen såg også på den store prinsessa si. – Er du framleis ueinig? spurde han. Det var ho. Og så trekte dei lodd! Og den store vann. Etterpå las kongen for den vesle prinsessa og den store prinsessa heilt til dei somna!

Kommentarar

Vil berre seie til dykk som har lese dette og klikka Bra!: Innlegget er vesentleg endra, tross nokre Bra!

Då får eg stadfeste at eg har klikka bra etter at innlegget var vesentleg endra.

Hehe, på oppfordring frå prinsessene les kongen dette eventyret rett som det er!