Dei var ein gong to prinsesser, den vesle og den store, som budde saman med kongen på slottet. Kvar kveld når dei skulle legge seg las kongen for dei to prinsessene. Annakvar kveld fekk den vesle velje kva bok dei skulle lese, og annakvar kveld fekk den store velje.
Men kongen var litt gløymsk av seg, og nokre gonger var det ingen som hugsa kven sin tur det var å velje bok. Då trekte dei lodd om det.
På Førde Hotell helga 19. – 21. mars. Startar kl. 17.00 fredag ettermiddag.
LÆRAR: FRIDTJOV URDAL
Eg trur hjorten likar best rundballar om vinteren. Det er vel derfor dei et rundballar der dei kjem til? Her nede i vegkrysset står bukkane oppå haugen med rundballar. Kantane rundt er dekka av pallar og liknande, og derfor hoppar dei like godt oppå, for å få tak i den beste maten dei veit…
Sagt av femåring i bilen:
- Pappa, kan eg sitte framme med deg?
Hugs at telefonseljarar er lært opp til å manipulere deg til å tru at du gjer ein god handel med dei, uansett kor dårleg produkt dei sel. Det er derfor ein ofte ikkje forstår korfor ein har sagt ja til dei før ei stund etter at samtalen er avslutta! Uansett kor gode tilbod dei kjem med, så vil du sjå at det ikkje er så bra dersom du får tid til å tenke deg om. Det er derfor telefonseljarar ikkje ynskjer å gi deg tid til å tenke deg om, men vil at du skal avtale kjøp med ein gong. Derfor skal du alltid tenke deg om før du handlar med dei. Eller du kan ha det moro med ein av måtane lista opp her:
1.
Avbryt seljaren: – Kan du ringe opp att, denne telefonen er dårleg!
Gjenta om dei ringer opp att.
Eg søkte etter Mundal på vermeldingstenesta på mobilen, og fekk fleire treff. Det er Mundal som stadnamn i Sri Lanka, i Nigeria og i Uzbekistan, alle med same skrivemåte som Mundal i Fjærland i Sogn, Norge. I Nord-Korea er det ein plass som heiter Mundal-Tong, og i tillegg får eg fleire andre forslag, t.d. Mundala, Mundale og Mundalonga.
Vi skulle kjøpe tannkrem.
- Ikkje Postman Pat-tannkrem. Den er ekkel! Den smakar faktisk Postman Pat!
Dette Innhogget har nok mange trådar, men ingen raud. For akkurat som førre vekas innhoggar hadde eg inga aning om kva eg skulle skrive om då eg sette meg ned kvelden før daudline. Eg var altså utan ein tråd! Og når ein då spør Fjesbokvennene sine om hjelp, så blir svaret mange lause trådar. «Gao i fjøsen!» var ein av dei, og eg er ikkje heilt sikker på om det var eit ynskje om at det ikkje skal komme fleire Innhogg frå Øvre Mundal. Det vil eg i så fall ikkje ta omsyn til.
«Blaonke ark, og tomt håve – og snart daudline. Noken som ha ein goe idé?» skreiv eg i statusfeltet, og kommentarane strøymde på. Skriv om han fjærlendingen som jobba på eiga hand og fekk ein spikar i handa, var eit tips. Men eg kan no ikkje dumme ut bror min på spalteplass i Sogn Avis, svarte eg. «Eg tole da mesta, eg,» var kommentaren frå Jarle.
Redaktør Stang i Firda antydar på leiarplass i dag at Anne Viken er ein person som må beskyttast mot seg sjølv. Når denne talemåten vert brukt i journalistisk samanheng, så snakkar ein om personar som er tilbakeståande, eller som av ein eller anna grunn sjølv ikkje er i stand til å forstå kva ein driv på med. Ingen andre enn Stang mistenker Viken for ikkje å forstå kva ho driv med. Når “grøftekantavisredaktøren” brukar dette mot Anne Viken på leiarplass, så er det eit svært grovt overtramp, på same tid som han viser heile verda at han er verste dømet på det Anne Viken seier om pressa og takhøgda her i fylket. Stang har også dumma seg ut for alle i si yrkesgruppe. Og i dei kommande dagane vil det komme kommentarar om denne leiarartikkelen. Kanskje har Stang klart å vri dette frå å vere ein debatt om Anne Viken her i fylket, til ein debatt om Stang, Firda og skrekkdøme på lågmåljournalistikk på landsbasis? Uansett er Stang sin integritet øydelagt.
Anne Viken hadde eit debattinnlegg om framtidsfylket Sogn og Fjordane og image-bygging her om dagen. Desverre var eg oppteken på kurs den kvelden, og hadde ikkje mulegheit å vere tilstades under arrangementet. Men eg har lese Viken sitt glimrande kåseri på bloggen hennar. Som vanleg brukar ho store ord og sterke språklege bilde, noko ho meistrar i ein grad som gjer henne både underhaldande og interessant å lese, og forklarar korfor ho har gjort karriere av sin språklege genialitet.
Eller han sat på røvi på eit fly og kjende seg irritert, fordi klimaet ikkje spelte på lag med han. Og for oss bleike forfrosne nordmenn, så er de fint å få noko anna å tenkja på enn eit par kuldegrader meir enn vi trur vi toler. “Klimakrise meg midt i røvi,” skreiv Tor Bremer på Fjesboka då han sat innesnødd i eit fly i Amsterdam.
Systrene hadde visst ein viktig diskusjon på gang.
- Det var eg som gjorde det, sa den vesle. – Eg stod her, og det var det som skjedde. Og eg er meg, og det fins berre ein av meg, meinte ho. Dei var inne, men ho brukte ikkje innestemme. Diskusjonen var varm.
Fleire gullkorn frå barnemunn
Tyggegummi skal alltid kastast i bosset når dei vert tekne ut av munnen, hadde faren alltid sagt. Men det vart ikkje alltid gjort slik. Ein laurdag, t.d. i kveld, hadde plutseleg toåringen ein tyggis i munnen. Brrops, sa han, då faren spurde kva han hadde i munnen. Men det var ikkje drops. Kor hadde han fått tyggisen frå? Etter litt om og men vart det klart at storesøstrene sine ferdigtygde tyggegummiar ikkje hadde hamna i bosset likevel. Kanskje det var fleire tyggegummiar på frifot enn den som hadde hamna i veslebroren sin munn? Korleis skulle dei finne desse?
På nyheitssendingane snakkar dei berre om Barak Obama, den amerikanske presidenten som skal ta imot fredsprisen medan han fører to krigar for å ta vare på amerikanske økonomiske interesser. Verda har ikkje endra seg vesentleg etter at det vart kjent at Obama skulle få fredsprisen, i alle fall ikkje som eg har merka. For medan fredsprisvinnaren held ein tale om at krig er eit instrument for å oppnå fred, og at dette er ei rolle USA har teke på seg heilt utan eigne interesser, så er kjøkenet mitt heilt bomba. For eit samanfall, tenkte eg, at kjøkenet mitt blei bomba medan den øvste sjefen for USAs militære forsvarar bruk av bomber. Og eg lurer på om det kan vere noko eg har sagt eller gjort som gjer at kjøkenet mitt har blitt bomba, og om meininga med bombinga er å opprette fred her på kjøkenet. Men å skulde eit bomba kjøken på Obama vil nok vere nyttelaust, for han alibi; han har heile verda som vitne på at han stod på talarstolen og forsvarte bruk av bomber for fred.
Kveldssong for deg og meg
Ulven står og hyler
i dei bratte fjell.
Han vert ikkje skoten
men hyler likevel.
Eg held på å skrive artikkel til Innhogg-spalta i Sogn Avis for kommande laurdag, om barn og språk, og har blitt minna om mange gullkorn eg ikkje hadde hugsa dersom dei ikkje hadde vore skrive ned. Ein særleg kreativ samtale skjedde ein haustmorgon for fleire år sidan: – Pappa, sjå fjella har snø på taket! Og litt etterpå: Pappa, er det i morgon i dag, eller er det berre i dag i dag?
Etter at dei raudgrøne har hatt einevelde her i landet nokre år, har rekordmange grunnskular blitt lagt ned, trass dei raudgrøne sine lovnader om at skulestrukturen ikkje skal endrast. Men i sin høge maktarroganse gjer dei raudgrøne kva dei vil mot sine lovnader. Det er framtida sine veljarar dei raudgrøne set på skulebussen timar kvar dag, det er Norge si framtid dei raudgrøne stel fritida frå, og gir dei ei skuleveke så lang at vi som er vaksne hadde hatt rett på overtidsbetaling. Kor står Sogn og Fjordane sine raudgrøne rikspolitikarar i denne saka, som først og fremst gir dårlege vilkår for barn i distrikta? Men maktarrogante raudgrøne politikarar har vel ikkje bruk for dei tusenvis av skadelidande elevane som framtidige veljarar, for på maktarrogansens høge tindar ligg tåka så tett at dei ser ikkje ein gong så langt som til neste meiningsmåling.
På laurdag skreiv Randi Førsund i Sogn Avis om bakfulle og skamslegne geiter i Fjærland, som er like truverdige som kvakksalvarane i svineinfluensa-helsevesenet. Eg kjenner ikkje til at nokon held seg med geiter her inne, eller at det skulle vera nokon her som kunne finna på å skamslå geita si, om dei hadde hatt noka. Så eg vart litt nysgerrig på kva for geiter Randi Førsund har møtt, og kva ho har observert hos desse geitene som gjer at ho får assosiasjonar til desse når ho skriv om Trygve Hegnar i engleprinsesse-debatten. (Hegnar sin argumentasjon er like innhaldsrik og djup som om det var henta frå bakfulle og skamslegne geiter i Fjærland.) To gonger nemner ho desse geitene. Har ho møtt dei sjølv, eller er det berre eit munnhell på hennar kantar å snakke om skamslegne, bakfulle geiter i Fjærland?
Det er ikkje alltid barna vil ta på seg nok klede, eller dei vil ha heilt andre og ikkje så passande klede som vi føresette vil dei skal ta på seg. Eg veit at eg har sagt ein del om å fryse, og at det går an å bli sjuk av å gå for dårleg kledd, eg har sikkert sagt noko både om forkjøling, øyreverk og influensa. Eg kan ikkje hugse eg har sagt noko om å fryse i hel. Men det må vera einkvan som har sagt noko om det også. Her i dag, då dei skulle ut, sa jenta: “Eg må ha på meg denne gode, varme jakka, slik at eg ikkje frys i helen!”
No vert både Trond Giske sin sjåfør og sjåføren i TV2-teamet som køyrde etter statsråden granska av Agder politidistrikt. Denne saka minner om då Liv Signe Navarsete sin sjåfør vart skulda for å råkøyre av Nationen sin journalist, som har vore omtalt på denne bloggen før.
Ein mangslungen :bLOGG med meiningsytringar, språkleik og bilete. Eg ynskjer alle som vil velkomne som medlemmer, men kjem til å stenga ute personar som brukar usaklege personåtak som diskusjonsteknikkar. Meir om sona
JOHANNES-BLOGGEN er en sone på Origo. Les mer